
ok då. så er det ikkje
så snart jul heilt enno. men eg tek visst dette ljoset litt i etappar, tre-seks dagar i same slengen. før julafta skal eg dessutan nesten ikkje vere heime, så det er ikkje så nøye med dei siste dagane. vi får brenne resten av ljoset etter jul, over ei flaske gløgg, som sjølvsagt framleis er så godt som full.
eg er snart klar for jul. kontoen er så godt som tømt (sånn at eg har plass til dei femhundretusen eg er, og ei stund oppriktig var, overbevist om at eg kjem til å vinne på flakskalenderen) og eg har berre nokre småting att. til dømes to dagar jobb, og dei tinga eg har skrive opp her:

(dersom du lurer på kvifor ruta bak oppvasken er delt opp i tre, så er det fordi oppvasken er delt opp i tre. for
så stor er faktisk oppvasken. 1/3 tatt, eller 3/5, dersom ein tel med alle etappane før denne lista òg)
det verste, ved sidan av oppvasken sjølvsagt, er nok pakkinga. litt fordi eg hatar det, og litt fordi eg
syg i det. difor har eg skrive ei liste. når eg allereie har ein bossekk med leikar ståande på jobb som ventar til eg kjem (klokka sju!) på lillejulafta, og som eg etter jobb skal dragse med meg heimatt, så trengs litt planleggjing. og eg må vere streng. kanskje eg får plass i ein koffert, viss eg held meg til denne lista (noko eg aldri kjem til å gjere):

spørsmåla er berre: kva har eg gløymt? (og kva
dvdar skal eg ha med meg? Eg har nokre i boks allereie, men tek gjerne mot tips.)
Snart ferie no. Eg skal nyte den, og det bør du òg!